Innlegg

Viser innlegg med etiketten utsikt

Vårskitur i Ljøsådalen - i januar!

Bilde
Eg måtte berre ut. Ut av Molde. Føltes som evigheiter sidan eg ikkje var på jobb eller satt inne i eiga stue. Og skia begynte å støve ned. I Rauma er det mange hytter som er ope for oss alle, mot nokre kroner for overnattinga. Inne i Ljøsådalen, start frå Skorgedalen, ligg Ljøsådalsbu. Ei relativt ny hytte, med plass til 4, vedovn og gassfyr. 150 kroner for ein enkeltperson. Køyrde til Skorgedalen, og starta ut på tur i nesten 10 plussgrader…..det er heilt feil i januar.  Såta, Svartvasstinden/Lille Blåtinden og Måsvasstinden Hadde planer om å gå opp på Gravfjellet på veg til hytta, men det måtte gå ut. Eg brukte så lang tid på å kome meg innover dalen, at det ville ha vorte mørkt før eg kom meg opp og ned. Alle bekkar var opne, store myrparti flaut over av vatn og elvene var som i snøsmeltinga på våren, braddfulle og umogleg å kome over. Den eine elva eg måtte over var kanskje 30 meter brei, men eg måtte mange høgdemeter opp og totalt ein omveg på 2,5 km for å ...

Panoramajakta held fram; sommarskitur til Rangåhøgda 1768 moh, Sandgrovbotn

Bilde
Vakna til grauttjukk skodde, men såg at sola ikkje var så langt unna, og kunne nyte ein kaffekopp medan eg venta. Det vart ein nydeleg morgon! Dagens turmål til venstre Gårsdagens topp - Sandgrovegga Dagens plan var skitur til Rangåhøgda, og etter ein betre frokost pakka eg saman og køyrde vidare innover dalen. Før eg starta turen køyrde eg vegen til endes for å sjå innover Mardalsbotnen. Mardalsbotnen Frå vegen tok det meg 25 minutt med skia på sekken i flatt terreng før eg fann skiføre. Da var det berre å sette igjen joggeskoa og på med skiskoa. Rangåhøgda er fjellet til venstre, til høgre er ein av fire toppar med namnet Midthøin. Under er ruta mi innteikna. Første stigning unnagjort. Det hadde vore folk her nokre dagar før meg, så svake skispor var synlege. Men uansett om eg hadde spor å gå etter, så gav ruta seg sjølv, ikkje mogleg å gå feil her. Det var skikkeleg shortsføre og for min del årets første (og siste?) sommarskitur!?!...

Lofoten del 6: Glomtinden 419 moh, Kabelvåg

Bilde
Siste fjelltur i Lofoten vart tur til Glomtinden saman med mamma og Kåre. Dei var kome oppover til barnedåpen vi alle skulle i, og måtte luftast etter ein lang biltur. Glomtinden ligg vest for Kabelvåg, på vegen til Henningsvær. Kort tur med fantastisk utsikt mot Kabelvåg og Svolvær og mot Vågakallen, eit kjent klatrefjell i Lofoten. Kåre tok teten! God stemning på veg opp! Pust i bakken med utsikt til Kabelvåg og Lille Molla. Glomtinden til høgre. Vindfullt og småkaldt, men god stemning av dei som kom på toppen! Kabelvåg i det fjerne, Vågakallen til høgre. Vågakallen Kart over turen: