Innlegg

Viser innlegg med etiketten Smørbottindane

Panoramajakta held fram; Smørbotntindane og Gråfonnfjellet, Småhola, Rauma

Bilde
På det tredje skal det skje! To gonger før har eg prøvd meg på nokre toppar rundt Småhola i Rauma. Det er mellom Innfjorden og Slettvikane, Norddal. Dei to forrige gongane har eg vorte stoppa av dårleg ver og snudd, men denne dagen såg det særs lovande ut. Sol, blå himmel og shorts-føre! Frå Slettvikane er det raudmerka sti over til Småhola, så første del er transportetappe.  Utsikt mot Småhola, Smørbottindane og Gråfonnfjellet lengst bak Høgfjellet Frå Småhola sette eg kursen rett opp i retning av Smørbotntinden aust langs lyngrabbar og ur. Det er fleire renner ned frå toppane, og plutseleg var eg oppe på Smørbotntinden vest. Hadde tatt feil renne opp, men bestemte meg for å gå bortom der på retur.  Utsikt tilbake mot Småhola Rett under toppen, utsikt mot Innfjorden Yes! På toppen!  Oppe på toppen såg eg regnbyger som gjekk i området rundt Bøstølen, håpa den ikkje nadde meg, men var kjapp med å få klede og fotoapprat ned i vasstett p...