Innlegg

Viser innlegg fra august, 2016

Panoramajakta held fram; Svartevasstinden 1259 moh, Rauma/Vestnes

Bilde
Svartvasstinden har eg hatt lyst på lenge, så meldte meg på tur med Norsk Fjellfestival. Dagen kom og det var så lågt skydekke at eg følte eg stanga opp i det. Håpet var at vi skulle kome over skydekket, men det viste seg berre å vere ønsketenking. Vi var berre to stykk som hadde meldt oss på turen, så vi la i veg med guiden var, David frå Sverige. Vi starta frå Venås i Måndalen, sjå kart over ruta heilt nederst.  I starten knota vi litt med å finne stien, men etter ei lita stund kom vi inn på den og følgde den opp til Venåsdalsetra på tydeleg sti, kor stien vart meir utydeleg. Men takk for at folk framleis har sau på utmarksbeite, sau er fantastiske til å bevare stiar og tråkk! På grunn av grauttjukk skodde kom vi litt ut av kurs innerst i dalen. Vi skulle teke mot venstre og opp til Venåsdalsskaret for så å følge ryggen til topps. Men vi tok av til høgre og endte opp i sida under Prosten og kom opp på ryggen ganske langt opp. Då var skodda så tjukk av vi måtte vurdere vidare ferd