Innlegg

Viser innlegg med etiketten mountaineering

Påske, pudder, toppturar og telt i Sunndal og Nesset!

Bilde
I påska vart det supre forhold for topptur i siste halvdel, og slikt måtte utnyttast. I løpet av eit drøyt døgn i Nesset fekk eg to flotte toppturar og ei nydeleg teltovernatting! Dag ein gjekk turen til Fløtatinden. Starta tidleg og hadde faktisk fjellet for meg sjølv heilt til eg kom ned til skoggrensa igjen! Og for eit føre, pudder de luxe! Fløtatinden til venstre og Trondskjortetinden til høgre Fløtatinden - pudderføre de luxe! Litjskjorta til venstre, traversen frå Glennfjellet til Ryssdalsnebba midt i, Skrommelnebba lengst til høgre Fine fjell på rekke og rad, Breitelnebba til venstre for skia. Hadde toppen for meg sjølv! Fantastisk utsikt frå Fløtatinden Etter turen sette eg kursen mot Øverås og Eikesdalsvatnet. Eg har fleire gonger telta her, og det er like fint kvar gong! Gogsøyra Dagens turmål midt i biletet Frå Øverås med utsikt mot Røndølsskaret Hotellet for natta! Gogsøyra Kveldskos Neste morgon vakna eg til kald...