Nyheitind 1508 moh, Isfjorden, - Norsk Fjellfestival
I tillegg til Vengetindtraversen skulle eg på tur til Gjuratinden med fjellfestivalen. I løpet av dei fire dagane sidan eg var på Vengetindane hadde det kome mykje nedbør og vore ganske kaldt. Nedbøren hadde kome som snø i høgda, og det var vinterlege forhold på toppane med nysnø og minusgrader. Vår guide ville ikkje at vi skulle gå på Gjuratind, det var både mykje gammal snø og det hadde kome mykje nysnø. Det skulle i tillegg bli meir sol utover dagen og da ville faren for snøskred vere tilstades. Grupper hadde prøvd tidlegare, men hadde snudd eller gått for nye turmål. Forslag til nytt turmål var Nyheitind 1508 moh. Turstart er på same plass som for turen til Gjuratind, Rabben innerst i Grøvdalen i Isfjorden (bomveg). Stien er T-merka til Svartvassbu. Frodig og grønt oppover dalen Dagens opprinnelege turmål Etterkvart som høgdemetra gjekk unna kom sola meir og meir fram og utsikta vart heilt "stunning" som det heiter på nynorsk. Folka på cr...