Innlegg

Viser innlegg med etiketten Motbakke

Panoramajakta held fram; Skardfjellet 947 moh, Surnadal

Bilde
Fredag tok eg turen til Surnadal for å gå på Skardfjellet. Etter Kvenna fergekai tok eg av til Kvendbøvegen og køyrde så langt at eg kom til starten av bomvegen. Etter å ha betalt nokre kroner følgde eg vegen heilt til eg kom til ein parkeringsplass kor det var skilta til Skardfjellet. Etter å passert nokre blaute myrparti vart stien berre brattare og brattare, så kondisen fekk køyrd seg oppover lia. Stien er ikkje vanskeleg å finne, så det er berre å sette den eine foten framanfor den andre. Eg følgde stien opp til skaret mellom topp 843 moh (stor varde er synleg frå bygda) og Skardfjellet. Derifrå tok eg ryggen mot Skardfjellet. Først over ein haug, så litt ned før siste stigning mot toppen. Ein fin, men tung første del av turen, og ei fantastisk utsikt! Konstanterte at sommaren ikkje har kome i høgfjellet, var ein del snø å sjå på fjella i rundt. Var også artig å sjå mot traversen Trollhøtta-Pekhøtta-Blånebba-Fauskånebba som eg tok i fjor sommar ( som du kan lese om her ). Då v...

Panoramajakta held fram, Månvasstinden 1468 moh, Måndalen

Bilde
Forrige søndag tok eg turen til Månvasstinden. Køyrde opp til Månvassetra i Måndalen på ca 400 moh. Så var det eit par hundre meter på føtn, før det var på med skia. Det var litt på og av skiføre til eg hadde passert Månvatnet. Derifrå og opp var det gode skiforhold. Gikk oppover til skaret mellom Kvassetind og Storbua, så over Storbua og til Månvasstinden. Starta turen i shorts og t-skjorte, men måtte på med ei tynn dunjakke på toppen. Etter å ha nytt utsikta ei stund, tok eg samme veg tilbake.  Det var fint føre øverst, men når eg kom ned mot skogen, så var det pillråtten skum-snø...Men men, ei fin tur og panoramatopp nr. 117 er i boks! Månvatnet Vårskitur Storbua, Kvassetind, Sandfjellet og Geitmjølkstind Storbua til venstre og Kvassetind til høgre Panorama frå Storbua På toppen av Månvasstind Trollvasstindan Mange fine toppar i sikte! På toppen av Månvasstinden Dyrdalstinden

Panoramajakta held fram: Kvitknyken 1244 moh og Sunnmørslauparen 1253 moh

Bilde
Fredag avspaserte eg og sette kursen mot Kjersemfjellet i Tresfjord. Dagens mål var Kvitknyken og kanskje Sunnmørslauparen. Eg parkerte på Kjersemsetra og gikk rett opp lia til eg kom opp og fekk utsikt både mot Kvitknyken og mange andre flotte toppar i området. Sette så kursen rett mot vesteggen på Kvitknyken. Det var lite snø etterkvart og steinhard snø, så sette frå meg skia oppi urda og tok på stegjerna. Oppe på ryggen var det av med stegjerna og nesten sommarføre.  Fantastisk flott utsikt på toppen, og eit artig topparti! Det smaka godt med nytrekt kaffe og bakels med graut der oppe. Dagen var enno ung, så sette kursen mot Sunnmørslauparen. Gikk opp eggen på vestsida av fjellet, ein artig egg kor mesteparten av strekket kunne bli gått på ski, eit lite parti med litt klyving, men så var det stuegolv til toppen. Tynt med snø, men kunne med små unntak gå på ski til toppen. På toppen er ein utruleg tett på Lauparen, eit mektig fjell. Nedturen tok eg inne i skåla på ...