Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2011

Nydeleg sykkeltur i Moldemarka

Bilde
Vakna til ein nydeleg dag idag, og da var det berre å komme seg ut med sykkelen- godt å sykle uten å bli klissblaut og fryse fingrar og tær av seg!

Ein strålande morgon

Bilde
Det ser ut til å bli ein fin dag i Molde, som desverre blir tilbragt innendørs på konferanse.

Øygarden Useriøse Sauesankarlag vol.2

Bilde
I dag har eg igjen vore på sauesanking for Øygarden Useriøse Sauesankarlag. Det er vel ingen underdrivelse hvis eg seier at toktet var omtrent motsatt på alle måtar i høve til førre laurdag. Vi starta i pøsregn, som gikk over til sol, djupsnø og vinterstemning, sauene eg fikk i oppdrag å geleide ned til bygda gikk fint på stien, ingen sprell og lengre springerundar, og eg fikk til og med tid til å sette meg ned og drikke kaffe og ete kvikklunch. Takk og pris for at dei tre sauene vart så svoltne av å gå over fjellet i djupsnøen at dei heiv seg over første og beste grasflekk når vi kom ned i skogen! Det går til og med rykter om at eg snart kan bli tatt opp som fullverdig medlem i det seriøse sauesankarlaget. Kryssar fingrane for ja, og at eg snart er ein anerkjend sauesankar ;-) Det var iallefall ein utruleg fin tur, sjølv om det var meir eller mindre skiføre halve turen. Alle bilder er tatt med mitt GoPro-hjelmkamera, det skikkelige fotoapparatet vart spara for pøsregnet.

Innergardsnebbå, 763 moh

Bilde
Etter gårsdagens strabasiøse saueleiting, tok eg idag ein kort tur - til Indergardsnebba, 763 moh, på Silsetfjellet. Kjaur opp til Indergardssetra og starta derifrå. Fin tur med flott utsikt!

På tokt for Øygarden Useriøse Sauesankarlag

Bilde
I dag var det dags for årets innsats for Øygarden Useriøse Sauesankarlag. Vi starta i særdeles fint og varmt haustver med korterma og buksa oppbretta til langt oppom knea- og eg kan skrive under på at det vart veldig varmt når e måtte klyve opp den bratte lia uten sti og som kan kategoriserast som "molmark" på Batnfjordsk, omtrent ugjennomtrengelig...I dag hadde sauene tydelegvis tenkt å kødde med dei som jakta på dei og sprang som tullingar i alle moglege retningar, gjerne rett oppover igjen etter at dei var på veg ned....Kort oppsummert: veldig tunge lår! Men men, vi fikk ned ein del sau! Ei staseleg oppleving var når eg var 25 meter frå 4 store grasiøse hjortar som kom i lett jogg opp fjellsida og fortsette over fjelltoppen- fantastisk!