Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vistdal

Panoramajakta held fram; Klauva 1394 moh, Vistdal/Isfjorden

Bilde
I går var det tid for panoramajakt igjen. Dagens mål Klauva 1394 moh, som ligg nordaust for Kirketaket og aust for Klauva. Starta turen frå Opdal i Vistdal, kor det er merka sti opp til Kjøvdalsvatnet, som er stikkut-post. Fin sti, men blaut og delvis bekk pga mykje nedbør i det siste. Litt kjedelig strekke, drøye 5 km inn til vatnet. Det såg ut til å vere godt fiske i vatnet, det spratt og vaka medan eg åt mat der. Ved Kjøvdalsvatnet er det stidele på T-stiane til Måsvassbu, Vasstindbu og Kjøvskaret over til Isfjorden. Innover Kjøvdalen, Vasstindan og Kjøvskardtind midt i bildet. Ved Kjøvdalsvatnet, Kirketaket midt i bildet, mitt mål til høgre for Kirketaket. Fin plass for matpause, og mykje fisken vaka og hoppa! Utsikt ned Kjøvdalen Etter matpause, sette eg kurs rett opp på ryggen som fører opp til toppen av Klauva 1394. Litt urd og småbratt i starten, men vel oppe på ryggen er det fint terreng heile vegen opp til toppen. På veg opp lia. Klauva kjem f...

Panoramajakta held fram, Styggeværshaugen 1371 moh, Vistdal/Eresfjord

Bilde
I går gjekk turen til Styggeværshaugen, som ligg mellom Vistdalen og Eresfjorden. Eg køyrde til Vistdalsheia, og tok turen innover Horndalen. Det er raudmerka sti heile vegen innover, og det er same rute som du tek dersom du skal til Vasstindbu eller Svartvassbu. Det er drygt innover dalen, men endeleg kom eg til stigninga, og da gjekk det unna med høgdemetra. Den raudmerka stien tek til høgre omlag 150 høgdemeter under toppen av Styggeværshaugen (går vidare til Svartvassbu). Etter som ein kjem opp i høgda, får ein ei fantastisk utsikt til fjella i Romsdalen. Plutseleg dukkar Trollveggen opp, ein passerer Helvetesbotn og Juratind, Nyheitind, Sjøvdøla, Gogsøyra og mange andre viser seg frå si beste side. På toppen ser ein også rett ned i Eikesdalsvatnet. Ein kjempefin, men relativt lang tur! Panoramatopp nr. 121 i boks! Vegskille mellom turen til Vasstindbu og turen til Svartvassbu Vasstindan og Kjøvskardtind i bakgrunnen Frå stigninga opp mot Helvetesbotn Helv...