Innlegg

Viser innlegg med etiketten Mongevatnet

Panoramajakta held fram; med blytung ryggsekk, luksus og telt frå Sandgrovbotn

Bilde
Panoramajakta tek meg til mange rare stader, og nokon fjell tek det lengre tid å kome seg til enn andre. Iallefall når ein i tillegg legg opp til ein lengre rundtur med sekken full av luksusvarer ;-) I slutten av august var det knallver, og eg hadde fått med Benthe på ein 3 døgns rundtur med utgangspunkt i Sandgrovbotn. Parkerte bilen ved ei lita hytte ved vatn 1049 moh, nokre få km frå enden av vegen i Mardalsbotnen.  Sekkane var blytunge, turutstyr, klede og mat og drikke for 3 døgn fyller fort opp sekken. Trur mange hadde droppa ein del av innhaldet, men av og til skal ein dra med litt luksus og verkeleg kose seg.  Vi sette kursen inn Grønbotnen. Drygt stykke utan særleg stigning. Dalen fører rett til kanten av Romsdalen, men vi svinga mot høgre då vi kom til den opne hytta i Grønbotnen. Her var det folk, ikkje rart når reinsjakta akkurat hadde starta. Etter hytta er det kupert terreng fram til det heller nedover mot Rangåvatnet. Fint terreng så langt....