Panoramajakta held fram; Tungremtindane 1260 og 1276 moh, Sykkylven/Ørsta
I påska var Benthe og eg i Riksemdalen og tok ein av dei tre Tungremtindane på ski. I juni var det på tide og vende tilbake for å prøve å ta dei to siste toppane. Riksemdalen er lang så eg tok sykkelen med og spara mykje langdryg gåing, og tilbake var det jo heilt himmels og kunne trille 7 km ned til bilen igjen. Eg gjekk inn ein ettermiddag og sette opp teltet. Frå teltet hadde eg utsikt mot morgondagens mål. Toppane til venstre (svart rygg) og midt i på biletet under. Tungremtindane Synnavindsnipa Bra med vind heile natta, så det var ein del blafring i teltduken og ikkje akkurat mykje skjønnhetssøvn. I følge yr skulle det kome regn rundt kl 14, så det var ingen tid og miste og før kl. 7 var eg på tur. Litt slakt terreng i starten, bra oppvarming, før det stig jamt bratt på oppover. Mange spisse toppar rundt Riksemdalen, og desse vart meir og meir synlege etterkvart som eg kom oppover. Bruka også tid på research til seinare turar, mykje max zoom på kameraet! Framleis låg ...