Innlegg

Viser innlegg med etiketten Verdens beste kommune for naturglade mennesker

Panoramajakta held fram; Trollvasstindan 1422 moh og Midtre Trollvasstindan 1384 moh

Bilde
Desse toppane var det ikkje berre enkelt å få tak i! For eit par veker sidan gjorde eg første forsøk, med start frå Pusken/Overøye i Stordal. La avgarde i sol og god temperatur, men oppdaga at det var nysnø i fjella... Frå starten på Kvitlane Trollvasstinden 1422 moh, mista litt trua når eg såg kor mykje snø det var... Spektakulært fjell 18 høgdemeter under toppen av Trollvasstindan 1422 moh måtte eg snu pga. NYSNØ! Snøen var så glatt at eg hadde problemer med å halde meg på beina, så hadde ikkje lyst til å prøve meg på det litje bratte og "ekle" partiet som er på fjellet. Det var tunge 10 km tilbake til bilen som var parkert ved Pusken. Sjelden eg har vore så sur og forbanna på ein fjelltur, så langt for ingenting! Så nært, men så fjernt.... Veka etter skulle eg ta hevn! Denne gongen starta eg frå Bøstølen i Innfjorden. Sette fart innover og opp til Ådalen, kjapp matpause og vidare opp til ryggen mot Trollvasstinden 1422. I og med at eg var der ve...

Kjøsen 1135 moh, Måndalen, Rauma

Bilde
Når du vaknar av at sola skin inn soveromsvinduet, er det berre ein ting å gjere. Hopp opp, få på kaffen og pakk sekken, så første moglege ferge over fjorden. Vidare er det å bestemme seg for turmål på ferga. Idag landa eg på Kjøsen i Måndalen. Har aldri vore der før, og med tanke på alle snøskreda som har vore i det siste tok eg eit sikkert fjell. Måtte ikkje gå langt før eg kunne ta på skia, og så var det berre å tasse seg oppover i solsteika. Oppe på fortoppen på 936 moh var det så sterk vind at det var på tide å ta på jakke og hanska. Så var det berre å følge ryggen opp til topps. Det var ikkje noko mindre vind der, så det var berre å knipse nokre bilete, av med feller og på med hjelm.  Forventa IKKJE supert føre ned igjen. Det var ganske klart på tur opp at det vart snakk om blaut tung snø, sola gjorde jaggu meg jobben sin. Så det var to sure lår som fann seg ein rasteplass vel nede i skogen og ute av vinden. Etter påfyll av tørt og vått var det berre å ta siste etapp...

Galtåtind 1124 moh - Loftskardtind 1191 moh, Isfjorden

Bilde
Ein finvers-torsdag i mars tok eg turen til Isfjorden og Galtåtind-Loftskardtind traversen. Kjempefint ver og godt føre gjorde turen super! Har tatt traversen før, men den gongen motsett veg, det kan du lese om her . Og, fyldigare turinfo med kart ol. finn du på morotur.no  Utsikt mot Vengetindan Juratind kom opp over Steinberget Romsdalshorn, Blånebba, Romsdalseggen, Breitind og Trollveggen Ryggen bort til Loftskardtind Naturen er litt av ein kunstnar Hadde dette vore langs riksvegen, så hadde det vore kalla rasoverbygg!!