Innlegg

Viser innlegg med etiketten Via Ferrata

Tour de Bobil etappe 5 - Via Ferrata i Loen og turen heim.

Bilde
Etter å ha hørt på sprutregnet heile natta, vakna vi fredag til litt mindre regn men lågt skydekke. Vi skulle gå Via Ferrata i Loen. Via Ferrata er ein "klatresti" kor klatreturen opp er ferdig bolta og du er sikra til ein wire heile turen opp. Via Ferrata i Loen går frå havnivå og opp til Hoven 1010 meter over havet, der nesten 1 km er wire. Eit stykke under toppen skal ein over Gjølmunnebrua som er 120 meter lang og det er 160 meter rett ned under brua. Klar til start! Vi la i veg ilag med 5 andre i tillegg til guiden, til og med kjentfolk! Starten av turen er 170 høgdemeter langs skogsveg og bratt sti, til ein kjem til første wire-strekning. Denne er ikkje langt men gav oss ei innføring i korleis vi skulle sikre oss og korleis vi skulle bevege oss i fjellet. Her hadde Thea begynt å få vondt i hauet og kjente på at migrena kom snikande. Dette var eit skot for baugen, men vi bestemt oss for å sjå korleis det gjekk oppover mot 440 moh og innsteget til ruta. O...