Stisykling på Skåla
Når eg forrige laurdag gjekk langs Røa så tenkte eg at det hadde jo vore rett så fint å sykla her også. Så idag tok eg sykkelen på biltaket og sette kursen mot Skåla. Starta på samme plass som forrige laurdag og fulgte elva oppover til Kroken. Der vart det alt for kronglete og tett, så fulgte sti langs kraftlinja, som etterkvart gikk over i fin sti og skogsveg. Desverre tok denne slutt i mi retning (den gikk tilbake igjen mot Hovdenakken) og eg tok fatt på ca 1.5 km med trilling i særs vått og ulendt underlag. Var glad då eg kom inn på skogsveg frå/mot Solemdalssetra. Etter ei stund på fin sti kom eg til slutt inn på grusveg. Denne fulgte eg vidare retning Solemdalen og tok av rett etter bru over Røa ned til venstre. Fulgte då denne vegen som gikk over i grusveg til den kom inn på hovudvegen igjen. Sykla så hovudvegen tilbake til utgangspunktet. Kart her. Gode moglegheiter for at ein film kjem om ikkje lenge.