Laurdag ettermiddag køyrde eg inn til Isfjorden, inn i Grøvdalen og så langt bomvegen gikk inn i Sørendalen. Så var det å pakke sekken for eit par overnattingar og gje seg avgarde. Fin og flat sti innover dalen først, men etter å ha kryssa elva på hengebrua under, vart det BRATT heile vegen opp Loftdalen til Grøvdalsbakken. Fin utsikt mot Kjøvskardtind, Klava og Kirketaket. Vel oppe ved Grøvdalsbakken flata det endeleg ut, og området rundt Nedre Bakkevatn var verkeleg fint! Grøvdalsbakken og Nedre Bakkevatnet Etter ei lita kneik til var eg oppe ved Langtjønna, og her vart utsikta rett så fin. Til venstre på bildet er Morgodalstindane, resten er Kirketaket, Klauva, Kjøvskardtind og Vasstindan. Inne ved Haudukhytta og Øvre Bakkevatnet slo eg leir for kvelden, og fekk ein nydeleg kveld på kjøpet! Juratind i kveldslys Det var eg og myggen... Før og etter sola gjekk ned var det rett og slett nydeleg å ligge i lyngen og berre nyte utsikta! Studere ruteval