Innlegg

Viser innlegg med etiketten Fjell

Panoramajakta held fram; Hesten 1643 moh og Hesten 1650 moh, Rauma/Norddal

Bilde
For ein drøy månad sidan var eg på jakt etter to hestar! "Hestenmassivet"  består av tre toppar, den eine har eg tidlegare teke frå Innfjorden. For å sleppe å gå over denne igjen, bestemte eg meg for å ta dei to andre frå Nedstestølen, sjå kart nederst. Eg starta såpass langt ut på dagen, at eg skulle overnatte på turen. Nedstestølen Ein nydeleg haustdag Berilldalen var flott i nydelege haustfarger. Dalen er ganske slak og ein tek ganske få høgdemeter før ein nærmar seg slutten av dalen og startar oppstigninga mot Kula, 1127 moh.  Hesten 1634 i det fjerne Oppstigninga til Kula på ca. 400 høgdemeter er tung med sekk for overnatting på ryggen, men når ein får sjå morgondagens mål, så er det berre å sette den eine foten framom den andre og komme seg oppover.  Hesten 1634 moh i sikte Oppe ved Kula var det ikkje berre enkelt å finne ein teltplass, som både var flat og ikkje fullpakka av stein! Men etter sikkert 45 minutt leiting, så fann eg den e...

Panoramajakta held fram; Titindan 1460 moh og 1422 moh, Trollstigen, Rauma

Bilde
Ferien har vore rett så nitrist vermessig sett, så eg har vore ein over snittet ivrig besøkande på yr.no i håp om betre tider. Plutseleg såg det ikkje så verst ut ei vekes tid, så eg pakka inn i den lånte bobilen og sette kursen mot Trollstigen. Det var alt anna enn fint ver den kvelden eg kom opp dit med grauttjukk skodde og pissregn. Men utover kvelden lysna det opp og eg fekk trua. Og gjett om det vart fint ver! Eg vakna til ein strålande morgon på Alnesreset, Sol frå blå himmel og 5 plussgrader. Dagens mål var Titindan som ligg i "Finnan-massivet", mellom sjølve Finnan og Kongen og Dronninga. Her er kart over ruta: Det er ein forholdsvis kort tur og ei enkel rute. Start er parkeringsplassen på Trollstigen, så langs sti opp til Bispevatnet. Bispevatnet Turen vidare går langs vatnet og den merka stien til Bispen og Kongen. I det stien til Kongen og Bispen begynner å svinge inn mot skaret mellom dei to, så skal ein setje kurs rett fram og inn mot sk...

17.mai og panoramajakt; Ringshornet nordvest 1473 moh, Trollstigen

Bilde
Det er ikkje mykje som kan måle seg med skitur i strålande ver på 17.mai! Benthe og eg heiv oss rundt i dag tidleg, satsa på at yr ikkje ville slå heilt til og stola på det vi såg av finver, og sette kursen mot Trollstigen. Dagens mål var Ringshornet nordvest, og kanskje sjølve Ringshornet. På Trollstigen var det sol frå nesten skyfri himmel og oppoverbakkane vart av den varme sorten! Turen opp er ikkje så lang, men utsikta er heilt fantastisk heile turen. Heile turen var vi midt i eit flott vervindu med berre finver, medan det rundt oss var gråe skyar! På toppen tok vi oss tid til verkeleg å nyte, og bestemte oss for å droppe Ringshornet, det står der til ein anna gong (og er ikkje panoramatopp....).  Føret ned var innafor med unntak av siste strekket ned til vegen, då var det berre å legge seg godt bakpå og unngå tryn i den pillråtne snøen.  Panoramatopp nr. 147 i boks.  Ein aldeles nydeleg måte å feire 17. mai ...