Panoramajakta held fram; Fremste Skorkja/Litlebotshornet 1306 moh, Sandegga 1364 og Sandegga Sør 1280. Kjersemfjellet/Ørskog/Stordal.
Etter ein treig start på dagen i går, hyva eg meg i rundt og sette kursen mot Kjersemfjellet, og til Grytalisetra (bomveg 20 kr.). Der pakka eg ein lett sekk og sette kurs mot Fremste Skorkja/Litlebottstinden og Sandegga. Grytalisetra, måla for dagen i bakgrunn. Fremste Skorkja til venstre, Sandegga er skjult bak Fremste Skorkja, Sandegga sør og Heimste Skorkja/Sandfjellet til høgre. Første delen av turen går i, etter min smak, kjedeleg terreng med myr, flate området og kratt. Første motbakken kom nedanfor Litlebottsvatnet, og det vart endeleg teke nokre høgdemeter. Oppe ved vatnet tok eg ei pause og lurte på kor mange toppar eg kunne rekke over før kvelden kom. Etter litt om og men sette eg strake kursen mot første topp, Fremste Skorkja/Litlebottstinden. Etter 450 høgdemeter i bratt terreng var eg endeleg oppe. Så var det fram med fotoapparatet og knipse litt før eg kjapt sette kursen mot neste topp, Sandegga. Det er ikkje meir enn ca 700 meter i mellom toppane o...