Innlegg

Viser innlegg med etiketten Batnfjorden

Nydeleg natt i naturen på Storfjellet 794 moh, Batnfjorden

Bilde
Det er bestandig kjekt å sjå tilbake på fin turar. Denne turen var eg på omtrent på same tida i fjor. Det var ein litt overskya laurdag, men vermeldinga sa at det skulle bli fint ver utover dagen. Så eg hyva meg rundt, pakka sekken og gjekk opp på Storfjellet/Rødfjellet , frå Batnfjordssida. Eg har aldri gått opp på fjellet frå den sida, bestandig frå Storlandet/Søvika , så eg fekk sjå Batnfjorden frå ein ny vinkel også. Solnedgang, måneskinn og soloppgang, eit nydeleg fargespel. Det er slik at bilete seier meir enn ord, det er ikkje nødvendig med fleire ord her!

Harstadfjellet og Stokknoken, Gjemnes

Bilde
Harstadfjellet og Stokknoken er to av mine favorittar. Harstadfjellet har eg bestandig teke frå Batnfjords-sida, så det var på tide å gå opp frå "baksida". Eg starta frå Krekvika, parkeringsplass med skilt til Krekvikdalen. Første delen av turen går på skogsveg, før det blir ein tur i jungelen! Fann ingen sti gjennom skogen, så var ganske letta når eg endeleg kom over skogen. Terrenget vidare var ganske så tungt; myr og mjuke tuer.... Eg sikta meg inn mot ryggen opp mot Harstadfjellet, og på tur oppover kom eg over ein god del molte, så det var berre å starte plukkinga. Haugevis av blåber var det også, det plukka eg på tur ned igjen. Utsikt frå Fræneide til Frei Pinnekjøtt! Melen og Stemshesten til venstre, Hustadvika rett fram. Ryggen oppover er ganske bratt, så høgdemetra går relativt fort, men pumpa får kjørt seg.. Eit fjell er så forskjellig alt etter kva veg ein tek opp, ein får sett alt frå ein anna vinkel, og får ei litt anna utsikt enn kva ein forbi...

Harstadfjellet 1004 moh, Batnfjorden

Bilde
I påska vart det ein tur til Harstadfjellet i Batnfjorden. Eit utruleg fint fjell med null anmarsj og strålande utsikt både på veg opp og frå toppen. Denne dagen i mars var det også eit supert skiføre! Takk for turen Benthe! Utsikt ut Batnfjorden Benthe på veg opp, Skåla omtrent midt i biletet Batnfjorden Snart på toppen, Eide til høgre Utsikt mot Trolltindan, Nåsvatnet og Eide