Innlegg

Viser innlegg med etiketten Småholhytta

Panoramajakta held fram; bomtur rundt Småhola! Trollstigen/Innfjorden

Bilde
I går hadde eg sett meg ut tre toppar i Innfjorden, Smørbottindan og Gråfonnfjellet. Eg hadde bestemt meg for å starte frå Slettvikane på Trollstigen og gå over til Småhola før eg skulle prøve meg på desse tre toppane som ligg på ei rekke. Frå Slettvikane går det raudmerka sti fram til Småhola, kor Småholhytta ligg og kor stien går vidare ned Berdalen til Innfjorden. Halve turen er stigning, og går for det meste i ur og stein/mose/berg, slik som til venstre. Når ein kjem opp på høgste punkt på turen ser ein ned mot Inste Småholvatnet som er omkransa av Småholtindane og Ringshornet i bakgrunn. Turen går vidare nedover langs fin sti, tidvis bratt og litt lausstein, men dette er berre eit kort strekke. Kartet under viser ruta. Inste Småholvatnet Småhola, frå venstre Høgfjellet, Smørbottindan og Finnan. Dagens mål, Gråfonnfjellet lik bak og er ikkje synleg. Vel nede i Småhola tok ein sein lunsj og såg meg ut ruta vidare. Eg hadde starta litt seint og det var me...