Innlegg

Viser innlegg med etiketten Ørskog

Panoramajakta held fram; Storbotnshorna 1360 moh og 1370 moh, Ørskog

Bilde
I dag er det eit år sidan denne turen, så kanskje på tide å skrive nokre ord om den!! 2 x Storbotnshornet viste seg å bli dei siste panoramatoppane i 2017. Eg stoppa tilslutt på 209 toppar. Turen starta frå Grytalisetra mellom Vaksvik og Tresfjorden, kor Benthe og eg hadde overnatta i telt. Det var ein nydeleg kveld. Grytalisetra er også utgangspunkt for turar både til Lauparen og Kvitknyken. Storbotnshorna er ein plass omtala som Ørskog kommunes mest utilgjengelege toppar. Seier meg ikkje ueinig i det, må over fleire andre fjell på vegen dit. I biletet under er det mogleg å sjå den austlegaste toppen til venstre for markant fjell midt i biletet. Med godt mot la vi i veg innover langs stien til Lauparen. Etter ca 1 km kryssa vi elva og sikta oss inn mot Litlebotnsvatnet. Kart over heile turen finn du nedst på sida. Det er vanskeleg å finne god sti på dette strekket, men vi fann sauetråkk vi fulgte i ny og ne. Oppe ved Litlebotnsvatnet tok vi ein liten pust...

Panoramajakta held fram; Fremste Skorkja/Litlebotshornet 1306 moh, Sandegga 1364 og Sandegga Sør 1280. Kjersemfjellet/Ørskog/Stordal.

Bilde
Etter ein treig start på dagen i går, hyva eg meg i rundt og sette kursen mot Kjersemfjellet, og til Grytalisetra (bomveg 20 kr.). Der pakka eg ein lett sekk og sette kurs mot Fremste Skorkja/Litlebottstinden og Sandegga. Grytalisetra, måla for dagen i bakgrunn. Fremste Skorkja til venstre, Sandegga er skjult bak Fremste Skorkja, Sandegga sør og Heimste Skorkja/Sandfjellet til høgre. Første delen av turen går i, etter min smak, kjedeleg terreng med myr, flate området og kratt. Første motbakken kom nedanfor Litlebottsvatnet, og det vart endeleg teke nokre høgdemeter. Oppe ved vatnet tok eg ei pause og lurte på kor mange toppar eg kunne rekke over før kvelden kom.  Etter litt om og men sette eg strake kursen mot første topp, Fremste Skorkja/Litlebottstinden. Etter 450 høgdemeter i bratt terreng var eg endeleg oppe. Så var det fram med fotoapparatet og knipse litt før eg kjapt sette kursen mot neste topp, Sandegga. Det er ikkje meir enn ca 700 meter i mellom toppane o...