Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2014

Moldemarka - kortreiste naturopplevingar

Bilde
Moldemarka er eit eldorado for ulike aktivitetar, om det er til fots, på sykkel eller ski. Her er eit utval frå dei siste vekene. Utsikt frå Tusenårsvarden Moldemarka ein tidleg morgon. Utsikt frå Tusten Øverlandsvatnet Moldemarka er eit eldorado for stisykling! Ikkje alle dagar gir storslått utsikt.... Solnedgang sett frå Varden Sola går i havet utanfor Gossen Tidleg morgon i Nordbyen, nydelig utsikt mot Moldepanoramaet. Utsikt mot Malmefjorden og Fræna frå Tusten.

Sykkel på Raudheia

Bilde
Raudheia på Fursetfjellet er ein fin plass for stisykling. Store delar av oppturen er trilling av sykkel, men det er verdt det når nedturen gir 6 km med fin stisykling. Det er mykje artig å ta seg til i godteskåla!

Øygarden Useriøse Sauesankarlag 2014

Bilde
Som vanleg kvart år startar sauesankinga siste helga i september kvart år, og held på eit par veker til. Stikkord frå årets rundar er rekordlåg gjennomsnittalder på sankarane, drittver og tullåte sauer som ikkje ville ned frå fjellet, så alt frå låg fart til blodgym over fleire fjell! Benthe ved godt mot før vi kom borti sau. Eit av mange bevis på kraftig vind natta før. Surt ver, men god stemning! Emintent team første dag av årets sauesanking. På runde to var eg på juniorlaget. Bra fart og artig for nybegynnaren Nora. Viktig med ein pust i bakken og litt sjokolade-påfyll. Utsikta frå toppen av Blånebba mot Bergsøya, Tingvoll og Tustna. Batnfjorden. Litt tid til å nyte utsikta før blodgymmen starta. Tonje og Guro i særs ulendt terreng på jakt etter tre som ikkje ville ned frå fjellet. Saueleiting i det som kan karakteriserast som "molmark" - ikkje for folk... Desse tre tok knekken på meg etter omtrent to