Lofoten del 3: Hauklandsanda, Mannen 400 moh og fiskelykke
Neste stopp på turen var Hauklandsanda, ei aldeles nydeleg strand. Eg har vore der før og måtte berre tilbake. Stranda har vore kåra til ei av dei finaste strendene i Noreg. Eg hadde bestemt meg for å overnatte på stranda, og starta opphaldet med ein tur til fjellet Mannen som ligg rett over stranda. Det er 400 høgdemeter opp dit, og turen går langs fin og tydeleg sti og siste delen går langs ein fin rygg med flott utsikt til Utakleiv og mot Vestvågøya og Flakstadøya. Forkjølelsen var absolutt ikkje noko betre så eg pusta og pesa meg opp motbakken. Men, når eg satt på toppen og sola kom, da var det glemt. Eg kunne nyte kaffekoppen i sola og sjå på Hauklandsanda frå fugleperspektiv. FOR ei utsikt! Stranda er veldig fin frå havnivå, men 400 høgdemeter høgare opp var den berre heilt fantastisk. Satt på toppen ganske lenge, og var overraska over at det ikkje var andre der. Ryggen til topps Mannen Lunsj med utsikt! Vikstranda Mot Flakstadøy. Den høgaste toppe...