Panoramajakta held fram; Heimste Skorkja 1200 moh og Sandfjellet 1322 moh, Stordal.
Siste feriedag og ny panoramajakt. Det var meldt greit ver, men med fare for regnbyger utpå ettermiddagen, så eg sette kursen mot Dyrkorn og Dyrkornsetra i Stordal tidleg på dag. Opp frå hovudvegen ved Dyrkorn var det meir ekstrem klatring enn på Trollstigen, veit ikkje kor mange serpentinarsvingar det var før eg kom opp til bomvegen til Dyrkornsetra, men vart nesten svimmel. Var heller ingen brei veg!! Bomvegen opp kostar 30 kr. Eg parkerte i eit vegskille oppe ved setrene, og sette kurs austover over myr. I andre omtalar av turen, vart det anbefalt å følge myr/opne parti lengst mogleg for så å følgje sti langs elva som renn ned frå Svartevatnet. Men eg orka ikkje tung og blaut myr og fann eit dyretråkk som eg følgde heile vegen gjennom skogspartiet til elva, og innpå stien som kjem frå Gjerdsstølen (sjå kart nedst på sida). Vel oppe ved Svartevatnet, sikta eg meg inn på nordryggen av Heimeste Skorkja/Sandfjellet, og så var det berre å følgje ryggen bortover. Svartevatnet...