Innlegg

Viser innlegg med etiketten Litje Blåtind

Vintertelting og toppturar til Litje Blåtind og Loftskardsetra, Rauma

Bilde
For første gong har eg no vore på vintertelttur. Har i lengre tid hatt lyst til å prøve ut dette, og forrige fredag morgon sette eg kursen mot Skorgedalen. Pakka pulken og sette kurs innover mot Ljøsåvatnet. Det var ganske uvant å gå med pulk, mykje rykk og napp, men det er heldigvis ikkje mange bratte bakkar innover, så det gikk bra. Det er ein ganske drøy måle innover dalen, ca 7,5 km. Det smaka då godt med solings og kaffepause ved Ljøsåbu. Så var det å finne teltplass litt oppi lia for Ljøsåbu og sette opp teltet. Skorgedalen og Skarven i det fjerne Hotellet Etter ei stund med rigging av leiren, var det tid for ein liten topptur. Sette kursen mot fjellrekka bak meg, og gikk opp i skaret mellom Såta og Litje Blåtind. Kul rygg å følge når ein kjem opp på den. Veldig vekslande skiføre og vekslande mengder med snø. Men det var fin utsikt i alle retningar og plutseleg var eg på toppen. Nedkjøringa var ikkje mykje å skrive heim om, kartongføre, stålholke, fokksnø...