Innlegg

Viser innlegg med etiketten Stortuva

Under open himmel på toppen av Stortuva 1030 moh, Ålvundfjorden, Sunndal

Bilde
Første veka i ferien var eg ein tur i Sunndalen og veret var nydeleg. Så eg bestemte meg for å ta ein overnattingstur på fjellet før eg sette nasen heimover. Valet fall på Stortuva ovafor Ålvundfjorden. Ruta til topps er godt merka, så det er berre å følge stien. Meir info i linken:  https://www.ut.no/tur/2.9613/ Eg var usikker på kor mange moglegheiter det var for vatn oppover, så eg fylte på når eg kom til den første seterbygninga og stien tok av til høgre. Det viste seg at det var moglegheiter oppover, men fikk jo litt ekstra tung sekk og ekstra trening!! Oppe på toppen. Då starta jakta på ein flat plass og ligge på, med utsikt og uten vind. Mange krav, men fann til slutt eit "flatt" område bak ein bergknaus kor eg la meg til! Stortuva har to toppar, 1036 moh og 1030 moh. Eg jogga bortom 1036, men slo meg til på 1030-toppen. Det er her utsikta er stor! Ålvundfjorden og Nesøya Veret var fantastisk, skjorts og t-skjorte, så eg hadde store forhåpningar til...