Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vengetindtraversen

Vengetindtraversen - Norsk fjellfestival, Rauma

Bilde
Vengetindtraversen har stått på ønskelista i mange år og når den kom på programmet på fjellfestivalen var det berre å sitte klar når billettsalet opna. På veg til Åndalsnes den morgonen tenkte eg at eg kom til å køyre til Åndalsnes for å snu, det regna oppover og skydekket var svært lågt. Men det letta opp etterkvart og det var ikkje regn når eg kom fram. Men skydekket var lågt, så det var gode moglegheiter for at vi enten måtte snu eller gå til ein anna topp i staden.  Vi starta turen øvst i Vengedalen med hauet i skydekket, men god stemning i gruppa! Når vi nærma oss Olaskardvatnet vart skydekket plutseleg mykje tynnare og i eit glimt såg vi Romsdalshorn på motsett side av dalen. Trolsk stemning. Kanskje kunne vi gjennomføre turen? Det tok ikkje lang tid før vi var over skydekket og kunne nyte utsikta mot Kvanndalstind under ein kjapp matpause. Det fjellet ser berre heilt umogleg å kome seg opp på! Men som med mange andre slike, så er ikkje det noko problem så l...