Innlegg

Viser innlegg med etiketten Snøtind

Snøtinden 1027 moh, Gjemne/Eide

Bilde
Snøtinden, det høgste fjellet i Gjemnes og Eide, er ein av mine favorittar. Her er nokre bilete frå ein fin tur i sommar!

Påskeferie i Batnfjorden - låge fjelltoppar, brukbart føre og flatt lys!

Bilde
Delar av påskeferien var eg i Batnfjorden, og då rakk eg nokre turar i bygda. Raudheia 670 moh - sol og bra føre Utsikta frå Raudheia mot Sør-Sør-Aust   Batnfjorden Meddagshåjinn (Steinlifjellet) 572 moh - flatt lys og pudder Silsetvatnet Trudde sola skulle kome, men den vart borte så kjapt som den kom... Snøtind - flatt lys, null sikt, ingen toppkjenning men rett så bra føre! Fint ver og vårstemning i starten av turen Flott utsikt på rundt 900 moh.... Var ikkje vits å prøve seg på toppen, så vi sette snuten ned igjen. Det var overraskande godt føre på fjellet.... Litt dårligare føre i skogen.... Men alle var einige i at det hadde vore ein fin tur!

Snøtind 1024 moh, høgaste toppen i Gjemnes og Eide

Bilde
Idag tok eg turen til Snøtind og starta frå Åndal i Batnfjorden. Først litt staking langs vegen før det bar opp lia. Måtte kjapt lette i antrekket, var jo reine påskevarmen! Fint føre oppover og gamle spor eg kunne følge. Rett under kor toppryggen starta måtte eg på med jakka, då bleste det godt. Turen opp til toppen var litt ekkel, mykje hardt under nysnøen, så det var berre på med skarejarna. Oppe på toppryggen var det rett og slett blankis, men ingen problem med skarejarn og feller. Som forresten satt på på tilbaketuren langs ryggen også... Det var så sterk vind, at det berre var å få på hjelm og sette snuten ned igjen med ein gong. Varmt i solsteika oppover! Litjtussen Stortussen og Snøtind Eide Harstadfjellet i forkant, Tustna og Aure bakerst. Det bles på toppan i Romsdalen. Så var det berre å suse nedover igjen! Føret var ganske tredelt - solpåvirka snø på glatt skare, pudderføre i skyggepartia og god sløsj i nedre parti. Lit...

Snøtind 1027 moh, Gjemnes

Bilde
For nokre veker sidan var eg på Snøtind på grensa mellom Gjemnes og Eide. Eg gjekk opp frå Åndal i Batnfjorden, den finaste vegen opp synest eg. Snøtind er eit favorittfjell, ikkje lange turen og DEN utsikta! Ullalandsvatnet Sola strålar over Litjtussen Stortussen til venstre og Snøtind til høgre Urdfjellet, Bjørnen, Luten og Sørtussen Utsikt mot Skaret og Moldefjorden