Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2010

Sjukdom og atter sjukdom....

Bilde
Etter tre veker med mine beste venner kleenex, otrivin og hostesaft med raud trekant er eg no temmeleg lei av å vere sjuk! Forma er heldigvis stigande, men fortsatt ikkje bra. No satsar eg på at ei helg på Venabygdsfjellet med fresk luft, mykje søvn og ei god bok skal gjere underverker for forma ;-) GOD HELG!

Kvannfjellet 980 moh

Bilde
Idag gikk eg litt tidlegare frå jobben og sette kursen mot den høgaste fjelltoppen i Fræna kommune. Føret var så dær, steinhard skare, men turen opp var nydeleg i solnedgangen. Litt surt og kaldt på toppen, men nydeleg utsikt! Ganske mør i beina etter det steinharde underlaget på veg ned!

STOR rasfare i fjellet

Bilde
Ver obs på kor du går på ski i helga! Det har nyleg gått eit stort ras i Harstadfjellet, Batnjorden, som du kan lese meir om her.

Marte har vunne EM i skiorientering

Bilde
Mi gode venninne Marte Reenaas har i dag vorte Europameister i skiorientering, langdistanse. Eg var tilstades sist Marte stod på toppen av ein seierspall internasjonalt, dengong i VM i 2005 kor ho vann stafetten saman med lillesøster Kjersti og Stine H. Kirkevik. No har ho også individuelt gull- kanonbra! Way to go Marte, og lykke til vidare i meisterskapet! For interesserte, følg meisterskapen her VG har faktisk omtala sigeren, og det er ikkje kvar dag dei er oppteke av andre ting enn fotball og OL. Les saka her

Raudheia

Bilde
Tok ein kjapp liten skitur te Raudheia idag. Flott vinterver ved avgang frå Fursetfjellet, men etterkvart vart alt berre kvitt!! Men plutseleg kom sola så vidt gjennom skylaget og lyste opp varden. Super start på ein bra dag, som fortsett med "afterski" på Santa Rosa og Storlygarkveld på Samfunnshuset!

Solnedgang i Molde

Bilde
Det er heilt nydeleg om dagen når sola går ned, og i går var eg ute og knipsa i det sola bikka bak fjella på andre sida av Moldefjorden. Rica Seilet hotel Vengetindan Verdens ende?

Urdfjellet ein tidleg morgon

Bilde
Morgontur til Urdfjellet, Molde. Med avgang kl. 07.00 sa kroppen ganske tidleg klart frå om at fysiske utskeielsar på denne tida av døgnet ikkje var så pop, så det vart ein tung tur. Men bortsett frå det var det N Y D E L I G å gå på tur og sjå dei flotte fargane på himmelen når natt gikk til dag. På grunn av lav fart, måtte vi snu under toppen då vi skulle på jobb, men det var ein flott tur med skikkelig pudderføre ned igjen!