Innlegg

Viser innlegg med etiketten Klyving

Panoramajakta held fram; Ystenestinden/Slingsbys topp 1160 moh, Ytre Standal, Ørsta

Bilde
Molladalen er kjent for sine spisse og taggete toppar. Men rett utanfor dørstokken til Molladalen ligg det også nokre tøffe fjell! Frå Mohns topp ser Ystenenstinden/Slingsbys topp heilt umogleg ut. Var på Mohns i sommar og kika over dit og tenkte at den der blir av det luftige slaget! Toppen til høgre på biletet under. Eg var så heldig å få med meg Eirik Vaage på tur, lokalkjent fjellfant, så eg var i trygge hender. For å nå toppane i Molladalen går ein som regel frå Barstadvika og inn i dalen. Ystenestinden eller Slingsbys topp, kjært barn har mange namn, er det mogleg å ta frå Molldalen, men den kortaste og enklaste vegen er frå Ytre Standal. Kort og enkel ja, men det er null oppvarming og rett inn i bakken, 800 høgdemeter opp før klyvinga starta. Det er ingen sti, og for det meste krattskog, men vi gjekk langs elveleiet som kjem ned fjellsida. For det meste heilt greit å gå der, måtte berre ut i sida eit par plassar. Trøsta når det stig på er at utsikta berre blir betre og b...

Panoramajakta held fram; Brurefølgjet 1345, Tresfjorden

Bilde
Rundt Tresfjorden er det utruleg mange fine fjell, og eg har vore på flesteparten av dei. Brudefølgjet har stått igjen ei lita stund, og tidlegare i haust vart det tur dit. Turen startar frå innerst i Tresfjorden, kjør til Øvstedalen og fortsett vidare på bomveg til parkeringsplass. Bratt men fin sti opp til Kleiva. Kart over turen ligg nederst.  Frå Kleiva gjekk eg langs merka sti opp til skardet under Litleskorkja. Rollsbottskorkja til venstre, Brudefølgjet heilt til høgre Sjølv om eg har vore der før så bestemte eg meg for å svinge oppom Litleskorkja når eg var i strøket. Nydeleg utsikt frå toppen, så tok ein liten matpause der. Meir om turen til Litjeskorkja og Rollsbottskorkja finn du her. Litjeskorkja til venstre Nydeleg utsikt frå toppen av Litjeskorkja Dagens turmål litt til høgre i biletet, lengst bak er Lauparen Etter matpausen sette eg kursen ned i skardet mellom Litjeskorkja og Rollsbottskorkja, før eg gjekk ned under Rollsbottskorkja ...

Panoramajakta held fram; Blåbretindane i Sykkylven

Bilde
Dei tre Blåbretindane i Sykkylven har stått på lista ei god stund. Det er mogleg å ta toppane både frå Fet i Sykkylven, frå Trandal og frå Riksemdalen. Eg starta ut frå Fet og gjekk langs tydeleg sti opp til Fetkollen. Det er ikkje skilta frå vegen, men frå gardane på Fet går det ein traktorveg ein følgjer til høgste punkt før stien startar. Ruta er den same som til Trollkyrkjetindane, den er omtala her.   Blåbretindane litt til høgre i biletet Det stig bratt på oppover mot Fetkollen og høgdemetra går unna. Det er fin og tørr sti heile vegen opp Og etterkvart som ein kjem over skogen opnar det seg opp og ein ser fjell i alle retningar.  Trollkyrkjetindane Mot Velledalen Oppe på Fetkollen er det slutt på sti og lyng, no er det stein og snø som gjeld resten av turen til topps. Eg gjekk så mykje eg kunne på dei tørre svaberga, resten på snøen. Den var heldigvis ganske fast og fin, så ingen problem å gå på den. Gjekk til høgre på snøen og runda opp til den...