Innlegg

Viser innlegg med etiketten Fjord

Litjkalken i Sunndal, 1389 moh.

Bilde
I over 15 år har eg tenkt at eg må komme meg opp til Litjkalken i Sunndal. Etter at bobil-touren var avslutta tok eg turen opp dit i går. Starta ut frå Hoven på Sørsida av Driva. Derifrå er det skilta og fin sti opp til Hareimsdalen. Denne turen kan du lese meir om på morotur.no  . Ved starten av turen på Hoven, Hareimsdalen rett opp. Vel oppe i Hareimsdalen på ca 700 moh møter ein gamle murar frå ei brakke tyskerane bygde under krigen. Derifrå går stien rett opp lia, først over ei urd, så vidare under Litjharemnebba før det stig bratt oppover igjen mot Litjharemdalen. Etter urda er stien lett å finne og følge, gjennom urda kan det vere litt vanskeleg å finne retninga, men stien er varda oppover.  Utsikta frå murane i Hareimdalen. Innover Hareimdalen, Storkalken gøymer seg bak urda til høgre. Fin springesti mot Litjharemdalen. Fin sti med utsikt til Hovsnebba, Dronninga, Kongen og Furunebba.   Oppover Sunndalen Fin lunsjplass! Br...

Tour de Bobil etappe 5 - Via Ferrata i Loen og turen heim.

Bilde
Etter å ha hørt på sprutregnet heile natta, vakna vi fredag til litt mindre regn men lågt skydekke. Vi skulle gå Via Ferrata i Loen. Via Ferrata er ein "klatresti" kor klatreturen opp er ferdig bolta og du er sikra til ein wire heile turen opp. Via Ferrata i Loen går frå havnivå og opp til Hoven 1010 meter over havet, der nesten 1 km er wire. Eit stykke under toppen skal ein over Gjølmunnebrua som er 120 meter lang og det er 160 meter rett ned under brua. Klar til start! Vi la i veg ilag med 5 andre i tillegg til guiden, til og med kjentfolk! Starten av turen er 170 høgdemeter langs skogsveg og bratt sti, til ein kjem til første wire-strekning. Denne er ikkje langt men gav oss ei innføring i korleis vi skulle sikre oss og korleis vi skulle bevege oss i fjellet. Her hadde Thea begynt å få vondt i hauet og kjente på at migrena kom snikande. Dette var eit skot for baugen, men vi bestemt oss for å sjå korleis det gjekk oppover mot 440 moh og innsteget til ruta. O...