Innlegg

Viser innlegg med etiketten Tresfjorden

Panoramajakta held fram; Brurefølgjet 1345, Tresfjorden

Bilde
Rundt Tresfjorden er det utruleg mange fine fjell, og eg har vore på flesteparten av dei. Brudefølgjet har stått igjen ei lita stund, og tidlegare i haust vart det tur dit. Turen startar frå innerst i Tresfjorden, kjør til Øvstedalen og fortsett vidare på bomveg til parkeringsplass. Bratt men fin sti opp til Kleiva. Kart over turen ligg nederst.  Frå Kleiva gjekk eg langs merka sti opp til skardet under Litleskorkja. Rollsbottskorkja til venstre, Brudefølgjet heilt til høgre Sjølv om eg har vore der før så bestemte eg meg for å svinge oppom Litleskorkja når eg var i strøket. Nydeleg utsikt frå toppen, så tok ein liten matpause der. Meir om turen til Litjeskorkja og Rollsbottskorkja finn du her. Litjeskorkja til venstre Nydeleg utsikt frå toppen av Litjeskorkja Dagens turmål litt til høgre i biletet, lengst bak er Lauparen Etter matpausen sette eg kursen ned i skardet mellom Litjeskorkja og Rollsbottskorkja, før eg gjekk ned under Rollsbottskorkja ...

Panoramajakta held fram; Næremstindan i Tresfjorden

Bilde
Idag var planen å gå opp på Næremstindan, og forhåpentlegvis kome ned igjen med begge toppane avkryssa! Køyrde til Tresfjorden og tok av til høgre ca 100 meter før bensinstasjonen og følgde vegen til endes (ved grind). Så var det berre å pakke særdeles lett ryggsekk, husk solkrem og plenty med drikke. Følgde så skogsveg eit lite stykke før stien opp til Nakken/Varin starta. Allereie etter 200 meter ønska eg meg vindusviskar til panna...det var over 25 grader, overskya og særdeles lommert, så det rann... Stien oppover til Nakken er fin å gå, men det stig bra på oppover lia! Godsaker i haugevis oppover.. Etter Nakken er stien vidare til Næremstindan merka med raudt, og det er ingen problem å finne fram. Etter kvart som høgdemetra gikk unna vart det meir og meir sol, og VARMT! Det var berre å ta runde 3 av solkremen allereie. Rett under fortoppen til den austlege Næremstinden, rundt 950 moh, knakk stien av i retning Næremstindan, og siste solide stigning stod for tur. Og, plut...