Nuglefestival 2017 - Isfjordseggen
I starten av september var det klart for årets nuglefestival, og destinasjonen var Rauma. I nydeleg og varmt haustver starta vi på turen frå Øvre Kavli i retning Loftskarsetra og inn dalen retning Måsskardet. Litt før skardet tok vi av oppover mot Loftskartind. Det er ein lang bratt bakke, så pumpa fekk fart på seg der vi kryssa oss oppover. Svolten begynte også å melde seg, så i det vi kom oss over kanten var det matpause som stod i hauet på alle. Rett under toppen står steinhytta «Vår», og der var det perfekt å ta matpause og nyte den fantastiske utsikta. «Alle» majestetane er i synsfeltet. Steinhytta "Vår" Eg har berre vore på Loftskartind på vinterstid, så artig å sjå korleis det er der på sommerføre. Har også overnatta i hytta to gonger på vinterstid, og har fått oppleve eit par nydelige soloppgangar der. Kan lese om ein av desse her. Etter mat og skitprat gjekk turen vidare over Isfjordseggen til Galtåtind....