Innlegg

Viser innlegg med etiketten Trollheimen

Panoramajakta held fram; Skardfjellet 947 moh, Surnadal

Bilde
Fredag tok eg turen til Surnadal for å gå på Skardfjellet. Etter Kvenna fergekai tok eg av til Kvendbøvegen og køyrde så langt at eg kom til starten av bomvegen. Etter å ha betalt nokre kroner følgde eg vegen heilt til eg kom til ein parkeringsplass kor det var skilta til Skardfjellet. Etter å passert nokre blaute myrparti vart stien berre brattare og brattare, så kondisen fekk køyrd seg oppover lia. Stien er ikkje vanskeleg å finne, så det er berre å sette den eine foten framanfor den andre. Eg følgde stien opp til skaret mellom topp 843 moh (stor varde er synleg frå bygda) og Skardfjellet. Derifrå tok eg ryggen mot Skardfjellet. Først over ein haug, så litt ned før siste stigning mot toppen. Ein fin, men tung første del av turen, og ei fantastisk utsikt! Konstanterte at sommaren ikkje har kome i høgfjellet, var ein del snø å sjå på fjella i rundt. Var også artig å sjå mot traversen Trollhøtta-Pekhøtta-Blånebba-Fauskånebba som eg tok i fjor sommar ( som du kan lese om her ). Då v...

Panoramajakta held fram - Inste Nonshaugen og Smisetnebba

Bilde
Rett før helga var turen komen til å besøke den høgaste fjelltoppen i Tingvoll kommune, Smisetnebba, og naboen Inste Nonshaugen. Eg køyrde til Meisingset og tok av mot Rotås. Etter nokre km tok eg av opp mot Hafstadvatnet, kor eg køyrde heilt til eg kom til eit stikk-ut skilt for Smisetnebba. Her var det bra med parkeringsplassar. Så var det å følge grusveg ein knapp km, før det bars opp mot Kvilhaugen på veldig tydeleg og fin sti. Og, det var blåbær overalt!! Vel oppe på Kvilhaugen vart stien litt dårlegare, og litt vanskelegare å finne, men eg sette kursen rett opp gjennom myr og anna djevelskap og sikta meg inn på skaret mellom Ytre Nonshaugen og Dauen. Var utruleg godt å komme opp dit og kunne gå i litt tørrare og hardare terreng, hadde lagt igjen mange krefter i myr og lyng lengre nede. Så var det berre å følge den breie og fine ryggen, først opp mot Dauen, så til Inste Nonshaugen og så over til Smisetnebba. Langs heile ryggen var det kjempeutsikt mot Trollheimen, Nordmøre og ...