Innlegg

Viser innlegg med etiketten Kleneggen

Panoramajakta held fram; Kleneggen 1964 moh, Nesset

Bilde
I august var det omtrent "panoramatopp-tørke", så stor var lykka då eg endeleg hadde moglegheit til å prøve meg på ein ny topp. Vermeldinga lova finver, men i Molde låg skydekket lågt og tett. Men eg stola på frøken yr som sa at det skulle lette på føremiddagen og at det skulle vere lettare i indre nn i ytre strok. Og, det stemte jaggu meg! Kleneggen stod for tur, og Aursjøvegen sørga for at talet på høgdemeter omtrent vart halvert. Men, det er ein dryg tur, høgdemetra er "lange". Eg køyrde så langt inn i Gravdalen som det var mogleg og la i veg langs tydeleg sti. Etter eit stykke kjem ein til eit stikryss som ikkje var så enkelt å sjå, men eg oppdaga kursfeilen ganske så kjapt. Så var det å runde rundt til det som på kartet er merka Hundan. Derifrå gjekk det slakt over store slegder fram til det endeleg begynte å stige litt, slik at høgdemetra gjekk unna. Etter kvart som eg kom høgare opp, vart utsikta berre finare og finare, og majestetar både på Nordmøre og ...