Innlegg

Viser innlegg med etiketten Blodgym

Panoramajakta held fram: Klauva 1512 moh, Isfjorden

Bilde
I dag vart det endeleg panoramajakt igjen! Litt smågrått i Molde, men sette kursen mot Isfjorden med håp om at yr.no skulle slå til. Utruleg varmt ved starten og opp til Loftskardsetra, men derifrå var det på med jakka. Litt småsur vind, men god temperatur. På vegen opp traff eg gamle kjente, som var på tur med Fjellsportgruppa til Trondheim turistforening. Og, plutseleg hadde eg tatt følge med dei heile vegen til Søre Klauva. Godt med snø heilt opp til siste del av ryggen mot toppen. Der var det litt isete, men skarejern gjorde susen. Så var vi oppe på toppen og satsa på at sola skulle kome kl. 14 som lova! Etter ein kort matpause, sette eg avgarde mot Klauva og resten av gjengen skulle kjøre ned i Hestebotn, gå opp på Steinberget og til Kirketaket. Sprek gjeng..  Turen frå Søre Klauva til Klauva vart fottur, det var ikkje nok snø til skigåing, sjølv om eg sikkert kunne gått korte strekke her og der på ski. Så monterte stegjarna og la iveg ned i skaret mellom klauvene. ...

Panoramajakta held fram; Såta 1131 moh, Mittet.

Bilde
Idag tok eg turen til Mittet, kor eg køyrde bomvegen til Skrukkensetra så langt den gikk (50 kroner). Målet for dagen var Såta, og kanskje ryggen vidare austover mot Måsvasstind og retur om Måsvassbu. Sjå biletet under. Eg følgde merka sti til Måsvassbu opp til Måsskardet og der var det skilta i retning Såtvatnet. Fin sti heile vegen innover, så her var det berre å småspringe innover. I Såtskaret tok eg ei matpause, og det var fint å ligge i lyngen...plutseleg hadde eg sove i over ein time!! Så da var det nye krefter til siste stigninga opp til Såta. Det er ca 400 høgdemeter frå Såtskaret til toppen, og dei gjekk overraskande fort! Det er ganske bratt, så det er berre å krysse seg oppover. Utsikta vart betre og betre jo meir eg pesa, og plutseleg var eg oppe!  Tok ein lengre matpause på toppen og nytte utsikta, som desverre var litt begrensa på grunn av lågt skydekke. Ryggen eg vurderte å gå tilbake midt i biletet. Smørbotn og Kvassetind li...