Panoramajakta held fram; Blåbretindane i Sykkylven
Dei tre Blåbretindane i Sykkylven har stått på lista ei god stund. Det er mogleg å ta toppane både frå Fet i Sykkylven, frå Trandal og frå Riksemdalen. Eg starta ut frå Fet og gjekk langs tydeleg sti opp til Fetkollen. Det er ikkje skilta frå vegen, men frå gardane på Fet går det ein traktorveg ein følgjer til høgste punkt før stien startar. Ruta er den same som til Trollkyrkjetindane, den er omtala her. Blåbretindane litt til høgre i biletet Det stig bratt på oppover mot Fetkollen og høgdemetra går unna. Det er fin og tørr sti heile vegen opp Og etterkvart som ein kjem over skogen opnar det seg opp og ein ser fjell i alle retningar. Trollkyrkjetindane Mot Velledalen Oppe på Fetkollen er det slutt på sti og lyng, no er det stein og snø som gjeld resten av turen til topps. Eg gjekk så mykje eg kunne på dei tørre svaberga, resten på snøen. Den var heldigvis ganske fast og fin, så ingen problem å gå på den. Gjekk til høgre på snøen og runda opp til den...