Innlegg

Viser innlegg med etiketten Harstadfjellet

Harstadfjellet og Stokknoken, Gjemnes

Bilde
Harstadfjellet og Stokknoken er to av mine favorittar. Harstadfjellet har eg bestandig teke frå Batnfjords-sida, så det var på tide å gå opp frå "baksida". Eg starta frå Krekvika, parkeringsplass med skilt til Krekvikdalen. Første delen av turen går på skogsveg, før det blir ein tur i jungelen! Fann ingen sti gjennom skogen, så var ganske letta når eg endeleg kom over skogen. Terrenget vidare var ganske så tungt; myr og mjuke tuer.... Eg sikta meg inn mot ryggen opp mot Harstadfjellet, og på tur oppover kom eg over ein god del molte, så det var berre å starte plukkinga. Haugevis av blåber var det også, det plukka eg på tur ned igjen. Utsikt frå Fræneide til Frei Pinnekjøtt! Melen og Stemshesten til venstre, Hustadvika rett fram. Ryggen oppover er ganske bratt, så høgdemetra går relativt fort, men pumpa får kjørt seg.. Eit fjell er så forskjellig alt etter kva veg ein tek opp, ein får sett alt frå ein anna vinkel, og får ei litt anna utsikt enn kva ein forbi...

Harstadfjellet 1004 moh, Batnfjorden

Bilde
I påska vart det ein tur til Harstadfjellet i Batnfjorden. Eit utruleg fint fjell med null anmarsj og strålande utsikt både på veg opp og frå toppen. Denne dagen i mars var det også eit supert skiføre! Takk for turen Benthe! Utsikt ut Batnfjorden Benthe på veg opp, Skåla omtrent midt i biletet Batnfjorden Snart på toppen, Eide til høgre Utsikt mot Trolltindan, Nåsvatnet og Eide

Harstadfjellet 1004 moh i Batnfjorden - ei perle på ski!

Bilde
Påskeaften vart ein fantastisk dag på ski på Harstadfjellet! Eg sette kursen opp lia frå Gaupset, og det var ikkje lenge før skia kunne kome på, og det går ganske kjapt å kome seg opp til skoggrensa. Allereie då er utsikta storslagen, Trollveggen og Vengetindane viser seg fram i all si prakt. Vårføre! Så er det å krysse seg oppover fjellet og nyte utsikta på turen. Vengetindan, Trollveggen, Skåla og mange andre Storfjellet/Rødfjellet, Stokknoken, Bergsøya, Tustna, Aure, Halsa og Tingvoll. Oppe på ryggen opnar deg seg opp i alle retningar. Dersom eg følgjer ryggen litt lenger vest enn til varden, så opnar utsikta seg vestover også. Aldeles nydeleg! Averøya til høgre, så Frei, Kristiansund, Smøla, Grip, Tustna og Aure Trolltindan og Eide Skeidsdalen og Reinsfjellet Batnfjorden Fræna, Eide, Atlanterhavsvegen og Averøya Eide og Sandnestindan/Trolltindane Etter å ha nytt utsikta heiv eg meg over kanten og susa nedover i fantastisk f...