Innlegg

Viser innlegg med etiketten Panoramajakt

Panoramajakta held fram; Storbotnshorna 1360 moh og 1370 moh, Ørskog

Bilde
I dag er det eit år sidan denne turen, så kanskje på tide å skrive nokre ord om den!! 2 x Storbotnshornet viste seg å bli dei siste panoramatoppane i 2017. Eg stoppa tilslutt på 209 toppar. Turen starta frå Grytalisetra mellom Vaksvik og Tresfjorden, kor Benthe og eg hadde overnatta i telt. Det var ein nydeleg kveld. Grytalisetra er også utgangspunkt for turar både til Lauparen og Kvitknyken. Storbotnshorna er ein plass omtala som Ørskog kommunes mest utilgjengelege toppar. Seier meg ikkje ueinig i det, må over fleire andre fjell på vegen dit. I biletet under er det mogleg å sjå den austlegaste toppen til venstre for markant fjell midt i biletet. Med godt mot la vi i veg innover langs stien til Lauparen. Etter ca 1 km kryssa vi elva og sikta oss inn mot Litlebotnsvatnet. Kart over heile turen finn du nedst på sida. Det er vanskeleg å finne god sti på dette strekket, men vi fann sauetråkk vi fulgte i ny og ne. Oppe ved Litlebotnsvatnet tok vi ein liten pust...

Panoramajakta held fram; to bomturar på grensa mellom Valldalen og Innfjorden

Bilde
Etter ein bomtur i området før for to år sidan, var eg fast bestemt på å komme meg opp på Småholtindan 1591 moh i løpet av sommaren. Så, ein finversdag i juli tok eg turen til Slettvikane og gav meg i veg. Planen var og gå opp til Ringshornet nordvest, og så følgje rygg ned derifrå i retning av Småholtindan og runde rundt på vestsida og opp på toppen. Eg hadde berre  vore i området på ski  før, så var usikker på kor bratt det var ulike stader. Oppe på Ringshornet nordvest vart eg veldig usikker på vidare ruteval, det såg ganske så bratt ut i alle retningar. Så, eg bestemte meg for ikkje å gå vidare og heller prøve fjellet frå Innfjords-sida. På veg tilbake gjekk eg oppom Ringshornet, som eg aldri før har besøkt. Store Vengetind lengst bak til venstre, så Stigbotthornet, Breitind, Mannen og Kalskråtind Småholtinden 1591 moh til venstre, Skjervan midt i bildet langt bak Småhola bak Ringshornet Utsikt mot Skardfjellenden og Skarfjellet Småholt...

Panoramajakta held fram; Svartevasstinden 1259 moh, Rauma/Vestnes

Bilde
Svartvasstinden har eg hatt lyst på lenge, så meldte meg på tur med Norsk Fjellfestival. Dagen kom og det var så lågt skydekke at eg følte eg stanga opp i det. Håpet var at vi skulle kome over skydekket, men det viste seg berre å vere ønsketenking. Vi var berre to stykk som hadde meldt oss på turen, så vi la i veg med guiden var, David frå Sverige. Vi starta frå Venås i Måndalen, sjå kart over ruta heilt nederst.  I starten knota vi litt med å finne stien, men etter ei lita stund kom vi inn på den og følgde den opp til Venåsdalsetra på tydeleg sti, kor stien vart meir utydeleg. Men takk for at folk framleis har sau på utmarksbeite, sau er fantastiske til å bevare stiar og tråkk! På grunn av grauttjukk skodde kom vi litt ut av kurs innerst i dalen. Vi skulle teke mot venstre og opp til Venåsdalsskaret for så å følge ryggen til topps. Men vi tok av til høgre og endte opp i sida under Prosten og kom opp på ryggen ganske langt opp. Då var skodda så tjukk av vi måtte vurdere vidare ...