Innlegg

Viser innlegg med etiketten Skåla

Skøyter på Røa

Bilde
Når det ikkje var snø og skiføre i februar, så var det heldigvis nok minusgrader til at det vart skøyteforhold på Røa. Rakk to turar på isen før mildveret slo inn, og har aldri gått så langt opp i elva som siste dagen - nesten 15 km tur retur. Dette er rett og slett eit paradis for skøyter!

Årets første (og siste?) tur på skøyter på Røa?

Bilde
Perioden med barfrost og litt minusgrader var akkurat lang nok til at det også i år vart mogleg å gå på skøyter på Røa. I går tok Benthe og eg turen innover og fekk 12 km på skøyter i kjempeartig terreng!

Skåla 1128 moh, Molde

Bilde
Etterjobb-tur til Skåla tidleg i april. Starta med pill råtten snø, og gikk over til isskare og fokksnø. I tilegg veldig sur vind på toppen, så det vart ikkje akkurat tur med kaffe og sjokolade. Vurderte ei stund å snu i området med isskaren, hadde hverken skarejern eller stegjern, men fann ut at det var farlegare å prøve å snu enn å fortsette. Hadde eg mista festet der så hadde eg fått høg hastighet!! I øverste partiet var det fokksnø og skavlar, men opp skulle eg. Ned igjen var det berre å skvise låra for det dei var verdt. Det verste var jo avslutninga, med påfrose slusjføre.... Men, utsikta er det jo ikkje noko å seie på!

Skåla 1128 moh, Molde

Bilde
På laurdag gjekk turen til Skåla, høgste punktet i Molde kommune. Først måtte vi gå ca 500 meter på veg før skiføret dukka opp. Så var det både snø, gras, myr og elv som måtte forserast før skiføret vart permanent. Ovanfor skoggrensa var det rett så bra skiføre, men skiftande mellom slusj, fokksnø og glasert. Halvvegs opp i lia datt plutseleg bakbindingen på den eine skia av....så var det å leike mac gyver og få festa stopparane oppe i vater, ikkje nødvendig med bremse i motbakke! Etter denne insidenten vart eg så forbanna at vi sette opp stor fart til topps. Vart reine blodgymmen. Så gjenstod berre det store spenningsmomentet, korleis blir nedturen med ein hæl laus?? Jauda, det gikk rett så bra. Var berre å sette opp høg fart og la det stå til!! Det vart ein rett så fin tur, takk for turen Benthe!