Kongen 1611 moh, Trollstigen, Rauma.
Idag har Benthe og eg vore på ein aldeles super tur på Trollstigen. Det er bestandig tungt å starte ein fjelltur i motbakke, så vi tok det ganske rolig opp til Bispevatnet og kom i farta. Vidare langs Bispevatnet og opp til skaret mellom Bispen og Kongen, kor vi tok ein god matpause og funderte på vegen vidare. Vi hadde planer om å komme oss på Dronninga, men vart usikker på vegen og oppdaga at vi hadde gått alt for langt opp mot Kongen før vi tok av til Dronninga. Så da sette vi kursen oppover mot Kongen. På vegen oppover måtte vi stoppe ofte og nyte utsikta. Kongen er eit ganske enkelt fjell å komme seg opp på. Du følgjer sti frå skaret oppover ein rygg som ender med at du kjem inn i ei renne som du følgjer omtrent til topps. Ryggen oppover er ikkje vanskeleg å gå på, og har få parti som kan opplevast som vanskeleg. Unntaket er nokre få meter før du kjem ut i renna du skal følgje. Oppover renna er det merka med raudt, og stien er så tydeleg ...