Panoramajakta held fram; Staveskoren / Storgladnebba 1505 moh, Eresfjord / Øksendal
Staveskoren eller Storgladnebba mellom Øksendalen og Eresfjorden har eg prøvd på før, men måtte snu pga store snøskavlar og hardt føre. Men plutseleg var det meldt ein dag med fint ver, og eg hyva meg rundt og køyrde inn til Kanndalssetra i Eresfjord. Der slo eg opp hotellet for natta og gjorde meg klar til ein særs tidleg start, då eg måtte vere heime før 15. Så med godt mot la eg avgarde i 6-tida - i shorts! Eg følgde godt merka sti frå setra opp til Nordmørs/Romsdalsskaret, kor eg tok av oppover mot Gråfjellet og Ryssdalsnebba. Ein liten matpause på turen før eg gassa på vidare, syntest klokka gikk litt for fort... Vel oppe på Ryssdalsnebba vurderte eg avstand og terreng og lurte på om eg kunne rekke tur-retur. Tenkte at no er eg så nære, ikkje svarte om eg skal snu nok ein gong. Det er berre å gå all in og starte blodgymmen. Gikk så fort det var mogleg i urda ned til lågaste punkt mellom Ryssdalsnebba og Staveskoren/Storgladnebba. Slengte frå meg ryggsekken og tok med fotoappa...