Tour de Bobil etappe 3 - Flåm og Flåmsbana
Vi rakk akkurat å komme oss til Flåm camping før dei stengte for kvelden på tirsdag Onsdags morgon var vi klar for Flåmsbana. Vi skulle ta toget opp til Myrdal stasjon og sykle ned igjen. Vi var tidleg ute til første tog, men fekk ikkje plass til syklane våre, så vi venta til neste avgang. Flåm er ein liten stad, men med mange cruisebåtar i fjorden var det yrande folkeliv klokka 8 om morgonen. Det er ganske festleg å sjå på desse turistane, og vi observerte livet når vi tok oss ein kaffe medan vi venta. Så kom vi oss på toget og hadde flaks og fekk oss plass ved vindauget. Det var litt rufsete ver i starten av turen, men jo lengre opp vi kom jo betre vart veret. Flåmsbana er ein av dei brattaste toglinene i verda på vanlege togskinner. Togturen går forbi rallarvegen, langs stupbratte fjellveggar, skummande fossefall og gjennom 20 tunellar. I løpet av ein time teg toget deg frå havsnivå til Myrdal stasjon på Hardangervidda, 865 moh. Myrdal er ein stasjon på Bergensbanen, som gjer at e...