Panoramajakta held fram i Sandgrovbotn; Sandgrovegga 1742 moh
Yr meldte om moglegheiter for oppholds og til dels pent ver, så her var det ingen tid å miste. Hadde tenkt meg ein tur til Trollstigen for å gå på Titindan, to toppar som ligg på "Finnan-massivet". Men då eg kom dit hang skodda lågt og det regna, så etter å ha venta på betre ver ei lita stund stakk eg derifrå og sette kursen mot Sandgrovbotn. Sandgrovbotn ligg mellom Romsdalen og Eikesdalen og dit kjem du ved å køyre nesten til Bjorli og ta av til Brude, og ta så av til høgre i det einaste "vegkrysset" du møter. Då er det 25 km med fin grusveg heilt inn til Nedste Mardalsvatnet og det er gratis å køyre der. Det er ein del panoramatoppar i området og i og med at det var litt sein ankomst så bestemte eg meg for å ta den første og raskaste eg kunne komme meg til. Målet vart Sandgrovegga. Frå der eg parkerte startar sti over til Eikesdalen. Dit eg skulle var det ingen merka eller utprega sti, men ein og anna plassen kom eg over spor etter gamle fotspor. Så...