Innlegg

Viser innlegg med etiketten Stikk-ut

Nuglefestivalen 2016

Bilde
Det var store planer om bestigningar på Sunnmøre på årets Nuglefestival, men pga både dårlege vermeldingar og dårleg ver laurdag, så vart det endring i planene. I nydeleg ver tok vi turen til Midsund og Rørsethornet og Ræstadhornet. Ein kjempedag vart det! Takk for turen damer, neste år MÅ det bli finver på Sunnmøre!! Meir om turen finn du på www.morotur.no

Vareoppteljing 2013

Bilde
Det er alt for lenge sidan siste innlegg her, men det var travle tider før jul. Har prøvd meg på ei lita vareoppteljing av året som har gått i ein film. Kjem tilbake med oppsummering i form av tekst og bilete. Filmen kan du sjå her  http://vimeo.com/84383219

Blåfjellet, Inste Åbittind og Ytste Åbittind

Bilde
Leste første gong om Blåfjellet og hytta Blånebu i ein kortreist-reportasje i Romsdals Budstikke for eit par år sidan. I fjor prøvde eg meg på fjellet, men måtte snu pga. null sikt og kjempetjukk skodde. Fredag prøvde eg meg på nytt og kom meg opp på toppen og kunne nyte den storslagne utsikta. Når eg først hadde slukt unna ein del høgdemeter fortsette eg turen til dei to neste toppane, Inste- og Ytste Åbittinden. Frå Ytste Åbittinden er det ein kvass egg over til Trolltind, som er eit ynda skitur-fjell. Utsikta frå toppen var kjempe, men bilda er tatt med mobil, så ikkje all verdens kvalitet. Blåfjellet er stikk-ut post i Nesset, og ein kan finne meir info om turen på www.morotur.no og dersom du lastar ned appen morotur, både for iphone og android. Gratis! Blånebu, på toppen av Blåfjellet Utsikta frå Blåfjellet mot Inste og Ytste Åbittind