Innlegg

Viser innlegg med etiketten Storfjellet

Nydeleg natt i naturen på Storfjellet 794 moh, Batnfjorden

Bilde
Det er bestandig kjekt å sjå tilbake på fin turar. Denne turen var eg på omtrent på same tida i fjor. Det var ein litt overskya laurdag, men vermeldinga sa at det skulle bli fint ver utover dagen. Så eg hyva meg rundt, pakka sekken og gjekk opp på Storfjellet/Rødfjellet , frå Batnfjordssida. Eg har aldri gått opp på fjellet frå den sida, bestandig frå Storlandet/Søvika , så eg fekk sjå Batnfjorden frå ein ny vinkel også. Solnedgang, måneskinn og soloppgang, eit nydeleg fargespel. Det er slik at bilete seier meir enn ord, det er ikkje nødvendig med fleire ord her!

Panoramajakta held fram; Sørvestre Småholtind, 1591 moh, Norddal/Rauma

Bilde
Forrige veke var det meldt eit vervindu frå onsdag ettermiddat/kveld til torsdag midt på dag, og det måtte utnyttast i jakta. Kjaur til Slettvikane onsdagskveld og slo opp teltet. Det vart ein fin kveld. Torsdag morgon var det tidleg oppstandelse, med håp om tur i fint ver. Ikkje vanskeleg å stå opp når det er slik utom teltet!  Rutevalget opp til Meiadalskoppen var kanskje noko av det dårlegaste på langt tid... Har leita på kart og flyfoto etter stiar, og speida med kikkert, men kunne ikkje sjå noko. Så starta ut frå Byksebrua og prøvde å halde meg til opne parti, før eg måtte gjennom urskog. Utruleg sakte framdrift gjennom bushen, så var veldig glad då eg kom opp i urda. Så bratt i greit terreng opp til Meiadalskoppen. Godt oppe i lia der fekk eg sjå noko som likna på ei bru eit godt stykke lenger ned ved elva. Fram med fotoapparat og full zoom, og jaggu meg var det ikkje ei bru der! Kanskje var det også ein sti der?? Bestemte meg for å gå ned der, frista IKKJE å ...