Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2015

Skåla 1128 moh, Molde

Bilde
På laurdag gjekk turen til Skåla, høgste punktet i Molde kommune. Først måtte vi gå ca 500 meter på veg før skiføret dukka opp. Så var det både snø, gras, myr og elv som måtte forserast før skiføret vart permanent. Ovanfor skoggrensa var det rett så bra skiføre, men skiftande mellom slusj, fokksnø og glasert. Halvvegs opp i lia datt plutseleg bakbindingen på den eine skia av....så var det å leike mac gyver og få festa stopparane oppe i vater, ikkje nødvendig med bremse i motbakke! Etter denne insidenten vart eg så forbanna at vi sette opp stor fart til topps. Vart reine blodgymmen. Så gjenstod berre det store spenningsmomentet, korleis blir nedturen med ein hæl laus?? Jauda, det gikk rett så bra. Var berre å sette opp høg fart og la det stå til!! Det vart ein rett så fin tur, takk for turen Benthe!

Vintertelting og toppturar til Litje Blåtind og Loftskardsetra, Rauma

Bilde
For første gong har eg no vore på vintertelttur. Har i lengre tid hatt lyst til å prøve ut dette, og forrige fredag morgon sette eg kursen mot Skorgedalen. Pakka pulken og sette kurs innover mot Ljøsåvatnet. Det var ganske uvant å gå med pulk, mykje rykk og napp, men det er heldigvis ikkje mange bratte bakkar innover, så det gikk bra. Det er ein ganske drøy måle innover dalen, ca 7,5 km. Det smaka då godt med solings og kaffepause ved Ljøsåbu. Så var det å finne teltplass litt oppi lia for Ljøsåbu og sette opp teltet. Skorgedalen og Skarven i det fjerne Hotellet Etter ei stund med rigging av leiren, var det tid for ein liten topptur. Sette kursen mot fjellrekka bak meg, og gikk opp i skaret mellom Såta og Litje Blåtind. Kul rygg å følge når ein kjem opp på den. Veldig vekslande skiføre og vekslande mengder med snø. Men det var fin utsikt i alle retningar og plutseleg var eg på toppen. Nedkjøringa var ikkje mykje å skrive heim om, kartongføre, stålholke, fokksnø

Hurrungen 1276 moh, Vengedalen, Rauma

Bilde
For ein dag og for ei avslutning på ei fantastisk fjellhelg! Idag avslutta eg helga med tur til Hurrungen i Vengedalen saman med Benthe. Frå parkeringsplassen i Vengedalen er det ca 900 høgdemeter opp til toppen, som ligg nedanfor dei majestetiske Vengetindan. Ei heilt fantastisk utsikt, både på veg opp og på toppen! Krona ein super tur med ei kjempeartig nedkjøring! Meir info om turen finn du på www.morotur.no Her er nokre glimt frå dagens tur! Utsikta vart spektakulær allerede ved starten av turen! Mange naturlige halfpipes som ga artig kjøring ned igjen! Vengetindan til høgre Hoppande glad for utsikta!