Innlegg

Viser innlegg med etiketten Hyttetur

Hyttetur i Isfjordsfjella

Bilde
I Rauma er det mange opne hytter i fjellheimen, flesteparten eigd av fjellstyrer. I august tok eg ein liten rundtur for å besøke nokon av desse hyttene. Planen for helga var å kome meg opp på Kvanndalshøin som ligg sør for Middagsfjellvatnet. Frå starten heilt innst i Erstaddalen i Isfjorden sette eg kursen inn Saufonngrova mot Saufonnholet. Opp Saufonnholet er det innimellom svært bratt, men det er lagt ut kjetting og ein liten stige på dei brattaste partia. Nesten som ein liten via ferrata! Saufonnholet I det det flatar ut kjem ein til Saufonnhyttene. Den eine er gamal og er mest ei dagsbesøk-hytte, den andre er ei nyare fin hytte med sengeplass til 6-8 personar. I tillegg er det naust med båt og fiskeutstyr. Saufonnhyttene Frå Saufonnhyttene følgde eg stien vidare til Middagsfjellhytta. Den går på høgre side av vatnet. Etter 150 høgdemeter og ein halvtimes gange kjem Middagsfjellvatnet, Middagsfjellhytta og Vengetindane fram. For eit syn! M...

Hyttetur, toppar og moltekrem i Isfjorden

Bilde
Inspirert av overnattingsturen min på "Vår" på Loftskarstind tidleg i februar, tok Benthe og eg turen inn til Isfjorden for ei ny overnattingstur i fjellheimen. Som sist var første etappen Loftskarstind. Fleire gonger lurte vi på om vi hadde med stein i sekken, den var alvorleg tung...men, ein fot framom den andre, og endeleg var vi oppe. Det var overskya og litt sur vind, men yr meldte fint ver neste morgon.  Fint kveldslys Etter at vi hadde innstallert oss i hytta, var det på tide med middag, og den vart til og med treretters! Spekekjøtt av rådyr til forrett, så fast-food med rødvin og til slutt moltekrem med kaffe og baileys. Rart den sekken var tung altså...... Moltekrem til dessert! God og mett sovna vi og gledde oss til ein nydeleg morgon med soloppgang (i følge yr....). Då vi vakna opp var det ikkje skyfritt og nydeleg soloppgang, men det var fine fargar på himmelen likevel.  Nordmøre i det fjerne Dei første solstrålane skin på Veng...