Innlegg

Viser innlegg fra september, 2018

Panoramajakta held fram; Storbotnshorna 1360 moh og 1370 moh, Ørskog

Bilde
I dag er det eit år sidan denne turen, så kanskje på tide å skrive nokre ord om den!! 2 x Storbotnshornet viste seg å bli dei siste panoramatoppane i 2017. Eg stoppa tilslutt på 209 toppar. Turen starta frå Grytalisetra mellom Vaksvik og Tresfjorden, kor Benthe og eg hadde overnatta i telt. Det var ein nydeleg kveld. Grytalisetra er også utgangspunkt for turar både til Lauparen og Kvitknyken. Storbotnshorna er ein plass omtala som Ørskog kommunes mest utilgjengelege toppar. Seier meg ikkje ueinig i det, må over fleire andre fjell på vegen dit. I biletet under er det mogleg å sjå den austlegaste toppen til venstre for markant fjell midt i biletet. Med godt mot la vi i veg innover langs stien til Lauparen. Etter ca 1 km kryssa vi elva og sikta oss inn mot Litlebotnsvatnet. Kart over heile turen finn du nedst på sida. Det er vanskeleg å finne god sti på dette strekket, men vi fann sauetråkk vi fulgte i ny og ne. Oppe ved Litlebotnsvatnet tok vi ein liten pust