Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2017

Magisk helg ved Hjørundfjorden, Kolåstinden og Randers Topp!

Bilde
Betre seint enn aldri? Det er faktisk nesten eit år sidan denne turen, så kanskje på tide å skrive eit innlegg om denne fine helga ved Hjørundfjorden saman med Benthe. Vi køyrde frå Molde som småpessimistar, det var regn i lufta og lågt skydekke, men yr meldte bra ver for helga, så vi tok sjansen. Målet for helga var Kolåstinden på laurdag og Randers Topp på søndag. Planen var å overnatte i telt ein eller anna plass mellom Festøya og Store-Standal. Terrenget langs Hjørundfjorden er for det meste bratt, så det var ikkje så enkelt å finne ein flat og fin teltplass. Men tilslutt fann vi helgas opphaldsstad. Flatt, god utsikt og ly under store grantre. Det vart ein fin kveld under grantrea med bål, pølser og rødvin. Fin utsikt mot Synnavindsnipa og Tungremtindane Etter ei god natts søvn, frokost og kaffe sette vi kursen mot Standalseidet og dagens mål Kolåstinden, 1432 moh. Skydekket vart tynnare og tynnare og vi starta med mykje solkrem. Kolåstinden blir oftast bes