Panoramajakta held fram: Vestre Småholtind 1470 moh
Dagen etter Nuglefestivalen hadde eg bestemt meg for å få kloa i Vestre Småholtind. Tidlegare i sommar var eg på nabotoppen. Den dagen var eg i dårleg dagsform, det var surt ver og eg bestemte meg for å droppe å svinge bortom. Angra meg den dagen, men fekk garantert ein finare tur denne dagen! Sist gong fann eg ikkje sti opp til Meiadalskoppen, og brukte utruleg lang tid. Denne gongen hadde eg funne ut at det var ein sti og kor den starta. I forhold til sist gong gjekk det unna i ein fei! Oppe i Meiadalskoppen var det rett og slett nydeleg. Det er i slike augneblink ein sett utruleg pris på at eg har moglegheit til å kome meg på slike turar Myrull er noko av det finaste som finns i fjellet Etter ein lengre fotoseanse ved vasskanten, gjekk eg på høgresida av vatnet og inn i dalbotnen. Derifrå sette eg kurs mot ein liten topp som er avmerka på kartet, 1290 moh. Det finns fine gras/lyngbakkar oppover, og plutseleg var eg oppe ved vatnet som ligg rett bak den litje toppe...