Panoramajakta held fram: Vestre Småholtind 1470 moh

Dagen etter Nuglefestivalen hadde eg bestemt meg for å få kloa i Vestre Småholtind. Tidlegare i sommar var eg på nabotoppen. Den dagen var eg i dårleg dagsform, det var surt ver og eg bestemte meg for å droppe å svinge bortom. Angra meg den dagen, men fekk garantert ein finare tur denne dagen! Sist gong fann eg ikkje sti opp til Meiadalskoppen, og brukte utruleg lang tid. Denne gongen hadde eg funne ut at det var ein sti og kor den starta. I forhold til sist gong gjekk det unna i ein fei!

Oppe i Meiadalskoppen var det rett og slett nydeleg. Det er i slike augneblink ein sett utruleg pris på at eg har moglegheit til å kome meg på slike turar



Myrull er noko av det finaste som finns i fjellet
Etter ein lengre fotoseanse ved vasskanten, gjekk eg på høgresida av vatnet og inn i dalbotnen. Derifrå sette eg kurs mot ein liten topp som er avmerka på kartet, 1290 moh. Det finns fine gras/lyngbakkar oppover, og plutseleg var eg oppe ved vatnet som ligg rett bak den litje toppen.  Etter  ei lita matpause bar det vidare i retning av toppen. Eg runda under Sørvestre Småholtinden og sette kursen mot lågaste punktet mellom dei to toppane. 

Utsikt mot Skjervan, Høgfjellet og Gråfonnfjellet

Det var for det meste ur bortover skråninga, men gjekk kjapt å traversere bort til skardet. På avstand ser det ut som at det er rett så bratt opp dit, men det var berre ein fin rygg å gå. Oppe på toppen var det fin utsikt i alle retningar!

Trollveggen i det fjerne



Nede ved vatnet på 1290 moh igjen, var det rett og slett nydeleg. Mykje irrgrøn mose med vassdropar på og skarpe klare fargar på vatn og himmel.



Heldigvis var det framleis nokre snøflekkar ned igjen, så eg fekk gjort unna nokre kjappe høgdemeter.


Vel nede ved bilen igjen kunne eg krysse ut enda ein panoramatopp, og hadde ein kjempefin tur!


Hausten er definitivt her!

Kommentarer